05.31.07

Wikipedia (revidert utgåve)

Lagt til i Uncategorized kl. 8:33 pm av muldvarp

Når det amerikanske tidsskriftet Time Magazine presenterte si kåring årets namn 2006, stod det eit uventa namn på blokka. Personen dei valgte var DEG, og du som internettbrukar føyde deg inn i rekka av tidlegare vinnarar som blant anna John F. Kennedy, Pave Johannes Paul II og Dronning Elisabeth II. Årsaka til dette overraskanda valet, var framveksta av brukarbaserte nettsamfunn som til dømes MySpace, YouTube og Wikipedia.

Wikipedia er eit gratis internettleksikon basert på wiki-systemet, og er per dags dato den mest kjente av denne typen nettsider. Sidan starten i januar 2001 har Wikipedia berre fortsatt å vakse, og er idag ei av dei mest besøkte sidene på nettet, med fleire titalls millionar personar innom kvar dag. Allereie i 2002 kom det versjonar på andre språk enn engelsk, og Wikipedia er idag tilgjengeleg på over 200 språk, der dei 12 største språka alle har over 100 000 artiklar i sin database. Nettstaden er og tilgjengeleg i norsk versjon, med nesten 100 000 artiklar i bokmålsdelen, og til mi store glede, nesten 20 000 i nynorskdelen. Opphavsmann, Jimmy Wales, forsøkte seg først med eit internettleksikon skrevet av ekspertar (Nupedia), men sidan utviklinga av dette gjekk treigt, gjekk han fort over til wiki-systemet.

Wiki-systemet sentrerar seg rundt at kven som helst kan legge til og endre informasjon på den respektive nettstaden. Wikipedia tar i så måte sikte på å samle inn informasjon halde av vanlege nettbrukarar, og gjere den tilgjengeleg for alle. Personar som bidrar med informasjonar på Wikipedia blir gjerne kalla wikipedianarar, og det er mange som er interesserte i å delta. Artiklane byrjar gjerne i det små, for så å bli utvida av andre brukarar som legg til og forandrar ting. Vidare eksisterar det eigne diskusjonssider, der dei forskjellige brukarane kan diskutere dei ulike artiklane. Slik kan Wikipedia ved hjelp av deliberasjon, føre til ei aggregering av kunnskap, som til slutt kan bli større enn totalen av dei individuelle delane.

I Wikipediasamfunnet blir det oppmuntra til at folk ikkje ser på seg sjølv som forfattar av eit innlegg, og i wikitradisjonen prøvar ein å bevege seg vekk ifrå det tradisjonelle konseptet om forfattarskap. Bidragsytarane har heller ingenting å tene i form av materielle verdiar, sidan Wikipedia er basert på at informasjon skal gå inn og ut av nettstaden gratis. Likevel er det enkelte som hevdar at Wikipedia aldri kan styre seg heilt unna marknadskreftene og deira påverknad. For ikkje lenge sidan gjekk Microsoft ut og tilbød pengar til ein velkjent teknologibloggar for å endre ein Wikipedia-artikkel om eit Microsoft-utvikla filformat. Blant andre komikar Stephen Colbert har har kritisert Wikipedia for dette, og i TV-showet The Colbert Report gjekk han ut og bad folk om å endre Wikipedia-artikkelen om røynda. Argumentet hans var at når pengar bestemmer innhaldet i Wikipedia-artiklar, har røynda blitt ei vare. Dette stuntet førte til så stort press på den aktuelle sida at Wikipedia valgte å låse den, slik at den berre kunne endrast av administratorar.

I tillegg til å kunne låse sider har Wikipedia ein del andre verkemiddel for å forhindre og reversere vandalisme. For det første har dei eit system som gjer at berre ein Wikipedia administrator har anledning til å slette sider permanent. Kven som helst kan kome med ei midlertidig forandring eller sletting, men denne forandringa vil kome opp på ei «siste endringar» side, slik at andre har moglegheit til å sjekke og endre desse forandringane. I tillegg er det ein eigen funksjon i Wikipedia som gjer at ein kan «returnere» ei side side til ein tidlegare versjon, eller markere sida som ei som burde bli sletta. For det andre har Wikipedia moglegheit til å blokkere ip-adresser, slik at vandalar kan bli nekta å kome tilbake til sida. Sjølv om Wikipedia blir ramma av vandalisme har det vist seg at det er mange fleire som vil at nettstaden skal lykkas enn som vil øydelegge. Erfaringane visar at feil og sabotasje vanlegvis blir retta opp innan kort tid, og som regel er det slik at jo større feilen er, jo fortare blir den fiksa.

Faren for vandalisme er ikkje det einaste aspektet ved Wikipedia som har motatt kritikk. Enkelte hevdar at nettstaden ikkje er den samlinga av kunnskap frå enkeltindivid den gir seg ut for å vere. I den engelske versjonen av leksikonet er det slik at 0,7 prosent av alle brukarane redigerar halvparten av alle innlegg. Dei mest aktive 2 prosenta, færre enn 1500 personar, har redigert tre fjerdedelar av alle innlegg på nettstaden. Slik vil nokre hevde at sidan det er få som redigerar mesteparten av innhaldet, vil det vere stor fare for at innlegg i leksikonet kan vere subjektive og upålitelege. Andre derimot, hevdar å ha gjennomført undersøkingar som viser at dei som er mest aktive, som regel berre gjer små endringar. Hovudtyngda av informasjon i dei ulike artiklane kjem frå uregistrerte eller lite aktive brukarar, medan dei mest aktive til gjengjeld gjer såkalla “kosmetiske” grep ved artiklane, som å rette på oppsett etc. Sidan Wikipedia har som utgangspunkt å vere ein nøytral nettstad, har dei innført ein funksjon som gjer det mogleg å merke artiklar som subjektive. I ein slik artikkel vil det øverst vere eit bilde av ei vektskål, samtidig som det står «the neutrality of this article is disputed» ved sidan av. I tillegg vil det vere ei henvisning til ei eiga diskusjonsside, der ein kan diskutere kva som gjer artikkelen unøytral. Eit døme på ei slik artikkel er det engelske innlegget om forfølginga av kristne.

Vidare vil nokre hevde at sidan Wikipedia blir redigert av vanlege folk, og ikkje av ekspertar, vil artiklane vere mykje meir upålitelege enn i andre leksikon. For å finne ut kor påliteleg Wikipedia var i forhold til det britiske leksikonet Encyclopaedia Britannica, gjorde tidsskriftet Nature ei undersøking der dei samanlikna fleire vitenskapsartiklar frå dei to leksikona. Resultatet viste at Wikipedia var bortimot like påliteleg som Britannica, men internettleksikonet kom dårlegare ut på struktur, formuleringar og liknande. Eit trekk verdt å merke seg var at Wikipedia viste seg å vere spesielt god på teknologiemner. Dette kjem av at nettstaden kan oppdatarast kontinuerleg, noko som må seiast å vere eit av deira største fortrinn i forhold til andre leksikon.

Den raske framveksten av Wikipedia har vist at eit nettbasert forum for akkumulering av informasjon kan fungere. Som ein portal for kunnskap har ein samla opp informasjon frå enkeltindivid og forsøkt å spre den ut til andre som har bruk for akkurat den informasjonen. Slik deling av informasjon kan vere viktig for samfunnet, i og med at det kan vere med på å fremme demokratiet. Ein viktig del av eitkvart demokrati er retten til å gi og motta informasjon, noko Wikipedia i stor grad gjer mogleg for alle. Problem kan likevel oppstå i form av at det kan vere med på å forsterke informasjonskløfter mellom dei som er aktive og dei som har problem med å ta i bruk denne teknologien. Slik sett kan ei av Wikipedias utfordringar framover, vere å integrere flest mogleg i informasjonsakkumuleringsprosessen.

Samtidig er det i eit demokratisk synspunkt viktig at relevant informasjon ikkje druknar i mindre viktig stoff. Eit av punkta nettstaden har fått kritikk på, er nettopp dette med at samfunnsnyttige artiklar ofte er lite utfyllande, medan mindre viktige tema får lange innlegg. Dette viser at sjølv om nettstaden har kome veldig langt på kort tid, så har dei forstatt eit stykke igjen før sida fungerar idèelt. Utfordringa til Wikipedia framover, vil i eit samfunnsmessig perspektiv vere å fortsette spreiinga av informasjon, samtidig som ein unngår at feil, fordommar og andre negative trekk sprer seg i samfunnet.

 

Kjelder:

Cass R. SunsteinInfotopia - How Many Minds Produce Knowledge – Oxford University Pres, INC – 2006

Artiklane som er linka til i teksten.

03.07.07

Mine kommentarar

Lagt til i Uncategorized kl. 12:39 am av muldvarp

02.24.07

Wikipedia

Lagt til i Uncategorized kl. 2:08 pm av muldvarp

Når det amerikanske tidsskriftet Time Magazine presenterte si kåring årets namn 2006, stod det eit uventa namn på blokka. Personen dei valgte var DEG, og du som internettbrukar føyde deg inn i rekka av tidlegare vinnarar som blant anna John F. Kennedy, Pave Johannes Paul II og Dronning Elisabeth II. Årsaka til dette overraskanda valet, var framveksta av brukarbaserte nettsamfunn som til dømes MySpace, YouTube og Wikipedia.

Wikipedia er eit gratis internettleksikon basert på wiki-systemet, og er per dags dato den mest kjente av denne typen nettsider. Sidan starten i januar 2001 har Wikipedia berre fortsatt å vakse, og er idag ei av dei mest besøkte sidene på nettet, med fleire titalls millionar personar innom kvar dag. Allereie i 2002 kom det versjonar på andre språk enn engelsk, og Wikipedia er idag tilgjengeleg på over 200 språk, der dei 12 største språka alle har over 100 000 artiklar i sin database. Nettstaden er og tilgjengeleg i norsk versjon, med nesten 100 000 artiklar i bokmålsdelen, og til mi store glede, nesten 20 000 i nynorskdelen. Opphavsmann, Jimmy Wales, forsøkte seg først med eit internettleksikon skrevet av ekspertar (Nupedia), men sidan utviklinga av dette gjekk treigt, gjekk han fort over til wiki-systemet.

Wiki-systemet sentrerar seg rundt at kven som helst kan legge til og endre informasjon på den respektive nettstaden. Wikipedia tar i så måte sikte på å samle inn informasjon halde av vanlege nettbrukarar, og gjere den tilgjengeleg for alle. Personar som bidrar med informasjonar på Wikipedia blir gjerne kalla wikipedianarar, og det er mange som er interesserte i å delta. Artiklane byrjar gjerne i det små, for så å bli utvida av andre brukarar som legg til og forandrar ting. Vidare eksisterar det eigne diskusjonssider, der dei forskjellige brukarane kan diskutere dei ulike artiklane. Slik kan Wikipedia ved hjelp av deliberasjon, føre til ei aggregering av kunnskap, som til slutt kan bli større enn totalen av dei individuelle delane.

I Wikipediasamfunnet blir det oppmuntra til at folk ikkje ser på seg sjølv som forfattar av eit innlegg, og i wikitradisjonen prøvar ein å bevege seg vekk ifrå det tradisjonelle konseptet om forfattarskap. Bidragsytarane har heller ingenting å tene i form av materielle verdiar, sidan Wikipedia er basert på at informasjon skal gå inn og ut av nettstaden gratis. Likevel er det enkelte som hevdar at Wikipedia aldri kan styre seg heilt unna marknadskreftene og deira påverknad. For ikkje lenge sidan gjekk Microsoft ut og tilbød pengar til ein velkjent teknologibloggar for å endre ein Wikipedia-artikkel om eit Microsoft-utvikla filformat. Blant andre komikar Stephen Colbert har har kritisert Wikipedia for dette, og i TV-showet The Colbert Report gjekk han ut og bad folk om å endre Wikipedia-artikkelen om røynda. Argumentet hans var at når pengar bestemmer innhaldet i Wikipedia-artiklar, har røynda blitt ei vare. Dette stuntet førte til så stort press på den aktuelle sida at Wikipedia valgte å låse den, slik at den berre kunne endrast av administratorar.

I tillegg til å kunne låse sider har Wikipedia ein del andre verkemiddel for å forhindre og reversere vandalisme. For det første har dei eit system som gjer at berre ein Wikipedia administrator har anledning til å slette sider permanent. Kven som helst kan kome med ei midlertidig forandring eller sletting, men denne forandringa vil kome opp på ei «siste endringar» side, slik at andre har moglegheit til å sjekke og endre desse forandringane. I tillegg er det ein eigen funksjon i Wikipedia som gjer at ein kan «returnere» ei side side til ein tidlegare versjon, eller markere sida som ei som burde bli sletta. For det andre har Wikipedia moglegheit til å blokkere ip-adresser, slik at vandalar kan bli nekta å kome tilbake til sida. Sjølv om Wikipedia blir ramma av vandalisme har det vist seg at det er mange fleire som vil at nettstaden skal lykkas enn som vil øydelegge. Erfaringane visar at feil og sabotasje vanlegvis blir retta opp innan kort tid, og som regel er det slik at jo større feilen er, jo fortare blir den fiksa.

Faren for vandalisme er ikkje det einaste aspektet ved Wikipedia som har motatt kritikk. Enkelte hevdar at nettstaden ikkje er den samlinga av kunnskap frå enkeltindivid den gir seg ut for å vere. I den engelske versjonen av leksikonet er det slik at 0,7 prosent av alle brukarane redigerar halvparten av alle innlegg. Dei mest aktive 2 prosenta, færre enn 1500 personar, har redigert tre fjerdedelar av alle innlegg på nettstaden. Slik vil nokre hevde at sidan det er få som redigerar mesteparten av innhaldet, vil det vere stor fare for at innlegg leksikonet kan vere subjektive og upålitelege. Wikipedia har som utgangspunkt å vere ein nøytral nettstad, og har derfor innført ein funksjon som gjer det mogleg å merke artiklar som subjektive. I ein slik artikkel vil det øverst vere eit bilde av ei vektskål, samtidig som det står «the neutrality of this article is disputed» ved sidan av. I tillegg vil det vere ei henvisning til ei eiga diskusjonsside, der ein kan diskutere kva som gjer artikkelen unøytral. Eit døme på ei slik artikkel er det engelske innlegget om forfølginga av kristne.

Vidare vil nokre hevde at sidan Wikipedia blir redigert av vanlege folk, og ikkje av ekspertar, vil artiklane vere mykje meir upålitelege enn i andre leksikon. For å finne ut kor påliteleg Wikipedia var i forhold til det britiske leksikonet Encyclopaedia Britannica, gjorde tidsskriftet Nature ei undersøking der dei samanlikna fleire vitenskapsartiklar frå dei to leksikona. Resultatet viste at Wikipedia var bortimot like påliteleg som Britannica, men internettleksikonet kom dårlegare ut på struktur, formuleringar og liknande. Eit trekk verdt å merke seg var at Wikipedia viste seg å vere spesielt god på teknologiemner. Dette kjem av at nettstaden kan oppdatarast kontinuerleg, noko som må seiast å vere eit av deira største fortrinn i forhold til andre leksikon.

Den raske framveksten av Wikipedia har vist at eit nettbasert forum for akkumulering av informasjon kan fungere. Som ein portal for kunnskap har ein samla opp informasjon frå enkeltindivid og forsøkt å spre den ut til andre som har bruk for akkurat den informasjonen. Utfordringa til Wikipedia framover, vil i eit samfunnsmessig perspektiv vere å fortsette denne spreiinga av informasjon, samtidig som ein unngår at feil, fordommar og andre negative trekk sprer seg i samfunnet.

 

Kjelder: Cass R. SunsteinInfotopia - How Many Minds Produce Knowledge – Oxford University Pres, INC – 2006

Artiklane som er linka til i teksten.

02.20.07

Grevlings visdomsord

Lagt til i Uncategorized kl. 2:22 pm av muldvarp

Ei av dei mest opplysande sidene på nettet, grevlings blogg, skreiv idag eit innlegg som traff rett i hjartet mitt.

Interessert i Kina? Sjekk ut denne nettsida!

Atter ein gong har Stig latt sin visdom lysa over oss

Mevi 171 – Kattepus

Lagt til i Uncategorized kl. 1:51 pm av muldvarp

Dette er ein såkalla katt.

Foto: PJLewis

Kattar er nokre fine dyr, noko også denne unge dama har innsett. Her kan du finne ein informativ film om kattar

Dette blir kjekkast!

Lagt til i Uncategorized kl. 1:30 pm av muldvarp

Sjekk ut dei superduperkule linkane her!

02.13.07

Buongiorno il mondo!

Lagt til i Uncategorized kl. 2:11 pm av muldvarp