02.24.07
Wikipedia
Når det amerikanske tidsskriftet Time Magazine presenterte si kåring årets namn 2006, stod det eit uventa namn på blokka. Personen dei valgte var DEG, og du som internettbrukar føyde deg inn i rekka av tidlegare vinnarar som blant anna John F. Kennedy, Pave Johannes Paul II og Dronning Elisabeth II. Årsaka til dette overraskanda valet, var framveksta av brukarbaserte nettsamfunn som til dømes MySpace, YouTube og Wikipedia.
Wikipedia er eit gratis internettleksikon basert på wiki-systemet, og er per dags dato den mest kjente av denne typen nettsider. Sidan starten i januar 2001 har Wikipedia berre fortsatt å vakse, og er idag ei av dei mest besøkte sidene på nettet, med fleire titalls millionar personar innom kvar dag. Allereie i 2002 kom det versjonar på andre språk enn engelsk, og Wikipedia er idag tilgjengeleg på over 200 språk, der dei 12 største språka alle har over 100 000 artiklar i sin database. Nettstaden er og tilgjengeleg i norsk versjon, med nesten 100 000 artiklar i bokmålsdelen, og til mi store glede, nesten 20 000 i nynorskdelen. Opphavsmann, Jimmy Wales, forsøkte seg først med eit internettleksikon skrevet av ekspertar (Nupedia), men sidan utviklinga av dette gjekk treigt, gjekk han fort over til wiki-systemet.
Wiki-systemet sentrerar seg rundt at kven som helst kan legge til og endre informasjon på den respektive nettstaden. Wikipedia tar i så måte sikte på å samle inn informasjon halde av vanlege nettbrukarar, og gjere den tilgjengeleg for alle. Personar som bidrar med informasjonar på Wikipedia blir gjerne kalla wikipedianarar, og det er mange som er interesserte i å delta. Artiklane byrjar gjerne i det små, for så å bli utvida av andre brukarar som legg til og forandrar ting. Vidare eksisterar det eigne diskusjonssider, der dei forskjellige brukarane kan diskutere dei ulike artiklane. Slik kan Wikipedia ved hjelp av deliberasjon, føre til ei aggregering av kunnskap, som til slutt kan bli større enn totalen av dei individuelle delane.
I Wikipediasamfunnet blir det oppmuntra til at folk ikkje ser på seg sjølv som forfattar av eit innlegg, og i wikitradisjonen prøvar ein å bevege seg vekk ifrå det tradisjonelle konseptet om forfattarskap. Bidragsytarane har heller ingenting å tene i form av materielle verdiar, sidan Wikipedia er basert på at informasjon skal gå inn og ut av nettstaden gratis. Likevel er det enkelte som hevdar at Wikipedia aldri kan styre seg heilt unna marknadskreftene og deira påverknad. For ikkje lenge sidan gjekk Microsoft ut og tilbød pengar til ein velkjent teknologibloggar for å endre ein Wikipedia-artikkel om eit Microsoft-utvikla filformat. Blant andre komikar Stephen Colbert har har kritisert Wikipedia for dette, og i TV-showet The Colbert Report gjekk han ut og bad folk om å endre Wikipedia-artikkelen om røynda. Argumentet hans var at når pengar bestemmer innhaldet i Wikipedia-artiklar, har røynda blitt ei vare. Dette stuntet førte til så stort press på den aktuelle sida at Wikipedia valgte å låse den, slik at den berre kunne endrast av administratorar.
I tillegg til å kunne låse sider har Wikipedia ein del andre verkemiddel for å forhindre og reversere vandalisme. For det første har dei eit system som gjer at berre ein Wikipedia administrator har anledning til å slette sider permanent. Kven som helst kan kome med ei midlertidig forandring eller sletting, men denne forandringa vil kome opp på ei «siste endringar» side, slik at andre har moglegheit til å sjekke og endre desse forandringane. I tillegg er det ein eigen funksjon i Wikipedia som gjer at ein kan «returnere» ei side side til ein tidlegare versjon, eller markere sida som ei som burde bli sletta. For det andre har Wikipedia moglegheit til å blokkere ip-adresser, slik at vandalar kan bli nekta å kome tilbake til sida. Sjølv om Wikipedia blir ramma av vandalisme har det vist seg at det er mange fleire som vil at nettstaden skal lykkas enn som vil øydelegge. Erfaringane visar at feil og sabotasje vanlegvis blir retta opp innan kort tid, og som regel er det slik at jo større feilen er, jo fortare blir den fiksa.
Faren for vandalisme er ikkje det einaste aspektet ved Wikipedia som har motatt kritikk. Enkelte hevdar at nettstaden ikkje er den samlinga av kunnskap frå enkeltindivid den gir seg ut for å vere. I den engelske versjonen av leksikonet er det slik at 0,7 prosent av alle brukarane redigerar halvparten av alle innlegg. Dei mest aktive 2 prosenta, færre enn 1500 personar, har redigert tre fjerdedelar av alle innlegg på nettstaden. Slik vil nokre hevde at sidan det er få som redigerar mesteparten av innhaldet, vil det vere stor fare for at innlegg leksikonet kan vere subjektive og upålitelege. Wikipedia har som utgangspunkt å vere ein nøytral nettstad, og har derfor innført ein funksjon som gjer det mogleg å merke artiklar som subjektive. I ein slik artikkel vil det øverst vere eit bilde av ei vektskål, samtidig som det står «the neutrality of this article is disputed» ved sidan av. I tillegg vil det vere ei henvisning til ei eiga diskusjonsside, der ein kan diskutere kva som gjer artikkelen unøytral. Eit døme på ei slik artikkel er det engelske innlegget om forfølginga av kristne.
Vidare vil nokre hevde at sidan Wikipedia blir redigert av vanlege folk, og ikkje av ekspertar, vil artiklane vere mykje meir upålitelege enn i andre leksikon. For å finne ut kor påliteleg Wikipedia var i forhold til det britiske leksikonet Encyclopaedia Britannica, gjorde tidsskriftet Nature ei undersøking der dei samanlikna fleire vitenskapsartiklar frå dei to leksikona. Resultatet viste at Wikipedia var bortimot like påliteleg som Britannica, men internettleksikonet kom dårlegare ut på struktur, formuleringar og liknande. Eit trekk verdt å merke seg var at Wikipedia viste seg å vere spesielt god på teknologiemner. Dette kjem av at nettstaden kan oppdatarast kontinuerleg, noko som må seiast å vere eit av deira største fortrinn i forhold til andre leksikon.
Den raske framveksten av Wikipedia har vist at eit nettbasert forum for akkumulering av informasjon kan fungere. Som ein portal for kunnskap har ein samla opp informasjon frå enkeltindivid og forsøkt å spre den ut til andre som har bruk for akkurat den informasjonen. Utfordringa til Wikipedia framover, vil i eit samfunnsmessig perspektiv vere å fortsette denne spreiinga av informasjon, samtidig som ein unngår at feil, fordommar og andre negative trekk sprer seg i samfunnet.
Kjelder: Cass R. Sunstein – Infotopia - How Many Minds Produce Knowledge – Oxford University Pres, INC – 2006
Artiklane som er linka til i teksten.
grevling sa,
mars 5, 2007 kl. 9:55 pm
Dette er ein informativ og godt skriven tekst. Eg synes imidlertid den kunne ha lagt meir vekt på kva wikipedia – og andre kjelder for gratis kunnskap – kan utrette samfunnsmessig. Dette er etter mi meining det mest interessante aspektet ved teksten, og kunne godt ha vore meir konkret enn “å spreie informasjon samtidig som ein unngår at feil, fordommar og andre negative trekk sprer seg i samfunnet”.
Kva betyr gratis tilgang på kunnskap for enkeltmenneske? Vil det høgne det allmenne kunnskapsnivået eller skape / forsterke informasjonskløfter? Eignar sider som Wikipedia seg berre for tileigning av trivia-kunnskapar, eller også for meir omfattande og heilheitleg kunnskap?
Sjølv om artikkelen uansett ville vere altfor kort til å svare på slike spørsmål, synes eg likevel dei kunne ha vore stilt.
Koz og klemz, Stig.
Mine kommentarar « Dette blir kjekt! sa,
mars 6, 2007 kl. 8:43 am
[...] Mine kommentarar Eg har kommentert følgande bloggar: – Stian / Muldvarp sin blogg om Wikipedia [...]
Konstruktiv Kritikk? « Jan Ingars postmoderne narrativ sa,
mars 6, 2007 kl. 8:57 pm
[...] Mattis blogg om technorati.com – Stians blogg om Wikipedia – Stigs blogg om problem med [...]
Daniel Strietzel sa,
mars 7, 2007 kl. 11:00 am
Fin tekst og gode tanker om wikipedia! En ting jeg vil kommentere er den raske utviklingen som wikipedia-prosjektet er inni. Du skrev at den norske versjonen er tilgjengelig med nesten 100 000 artikler i bokmålsdelen. Aktuelt har de kommet til 100 00 artikkler på 24. januar og er dagen i dag på 100 233. Dette er respektabelt mye og det er viktig å vise til denne utviklingen. Mvh Daniel
memigesund sa,
mars 7, 2007 kl. 3:21 pm
Hei Stian!
Jeg må si at jeg ikke skjønte helt hvor du ville med innledninga di først, men teksten din ellers er både klar og informativ. Godt nynorsk som får frem seriøsiteten i artikkelen din, samtidig som dine egne kreative ordspill løfter teksten opp på et underholdende nivå.
Mvh Marthe
Mine kommentarer « Si det… sa,
mars 7, 2007 kl. 3:51 pm
[...] Om Wikipedia, [...]
The Daily Me - er samfunnet utsatt for tvungen personalisering? « barebecca sa,
mars 7, 2007 kl. 7:09 pm
[...] etter den. ”Jeg kan jo bare google det” er et kjent begrep, og det diskuteres daglig hvorvidt Wikipedia kan fungere som en fullgod kilde ved bruk ved [...]
hobbesland sa,
mars 7, 2007 kl. 8:35 pm
Wikipedia er fint, veldeg fint. Her finn ein mykje informasjon om alt ein kan tenkje seg, og enda litt meir.
mellom anna
Navlelo http://no.wikipedia.org/wiki/Navlelo
Men eg er litt skeptisk. Er informasjonen vi finn her så påliteleg at han kan takas for god fisk, til og med om det ikkje har noke med fisk å gjere i det heile.
Kor lenge trur du det ville teke før nokon fann ut at denne biografien av Ghandi ikkje er heilt rekteg?
Mahatma Ghandi
Ghandi ble som de fleste andre født i sin barndom. Siden dette er et vanlig ritual er det heller unødvendig å gå nærmere inn på dette. I oppveksten opplevde han en del skrekkelige hendelser der han ble kastet rundt i det indiske kastesystemet. Etter hvert slo han seg til ro sammen med noen av de kasteløse og fikk da en mer stabil og kastfri hverdag. I ungdomsårene var Ghandi en ivrig boksepromotor. Etter at forsmedelig nederlag la han denne karriæren på hylla, hvor han senere også la fra seg sandalene når han bestemte seg for å spasere barbeint rundt på bygda. På denne spaserturen var det at han fikk idéen til sin ikkevoldelige frigjøringskamp mot den britiske overmakten. På en av sine spaserturer ble han myrdet, fremdeles uten sandaler, og av den grunn er han i skrivende stund mer eller mindre død. Men han gikk ikke bort ubemerket, selv når han ikke brukte sandaler.
tuva85 sa,
mars 7, 2007 kl. 8:42 pm
Hei Muldvarp!
Jeg synes dette er en fin og informativ artikkel hvor du er innom mange aspekter ved wikipedia. Jeg savner imidlertid litt mer drøfting og tror det ville løftet artikkelen din hvis du hadde valgt ett av aspektene og diskutert det nærmere.
Hilsen fra Tuva
svada sa,
mars 7, 2007 kl. 9:13 pm
Hvorfor kommer ikke innleggene mine frem!
Guff kan du selv være.
svada sa,
mars 7, 2007 kl. 9:14 pm
Jeg er dypt skuffet over at mitt første innlegg ikke ble vist, men jeg prøver lykken igjen (alle gode ting er tre):
Kjære Muldvarp!
Du har fått skrevet et veldig fint anslag som gjør at vi lesere føler oss betydningsfulle. Jeg synes det er også veldig interessant at du tar frem de positive og negative sidene med et prosjekt som wikipedia.
Personlig synes jeg Wikipedia er helt genialt. Har nettopp funnet ut hvordan man oppdaterer og lager linker, og har i det siste sløst vekk noe av min ikke-eksisterende fritid til å pusse på artikkelen om Cinema of Norway.
May the Force be with you!
Linker til andre blogger: « Jan Ingars postmoderne narrativ sa,
mars 7, 2007 kl. 9:24 pm
[...] Artikkelen er attpåtil skrevet på nynorsk. Du kan jo også sjekke ut Stians utlegging om Wikipedia, også denne skrevet med pennen dyppet i nynorsk. Eller hva med Stigs dype drøfting om problemene [...]
jrgn sa,
mars 7, 2007 kl. 10:05 pm
Bra innlegg, og fin innføring i Wikipedia. Spesielt interessant å lese om Microsoft som kjøper seg godord! Et poeng jeg imidlertid synes du kunne nevnt når du er inne på forskjellen mellom Encyclopaedia Britannica og Wikipedia er at Wikipedia overhode ikke har evne til å skille mellom viktige og mindre viktige saker. Relativt uinteressane saker kan få store lange artikler, men viktige, men lite populære saker vil få mindre artikler.
Mine kommentarer « Jörgen och Wikipedia sa,
mars 7, 2007 kl. 10:20 pm
[...] http://muldvarp.wordpress.com/2007/02/24/wikipedia/#comment-17 [...]
Linker til andre blogger « Hobbesland sa,
mars 7, 2007 kl. 10:45 pm
[...] Fleire av artiklane omhandlar Wikipedia, eit leksikon som er skrive av dei som bruker det og er fritt tilgjengeleg på verdensveven. For eit nynorsk innblikk i kva og korleis vikipedia er, vil eg anbefale artikkelen til Muldvap om akkurat dette.Trykk her. [...]
Komentarjakten « Hobbesland sa,
mars 7, 2007 kl. 11:02 pm
[...] Kommentar til Muldvarp sin artikkel om Wikipedia. [...]
Petter sa,
mars 7, 2007 kl. 11:44 pm
Et godt innlegg, men jeg vil bare kommentere en liten ting som jeg ikke har sett noen av dem som skrev om Wikipedia ta opp: mange har latt seg forlede av statistikken om at “bare 1500 brukere bidrar med 75% av redigeringene”. Det ingen har tatt opp, er hva de forskjellige redigeringene inneholder. Hvis du leser artikkelen jeg linker til nederst vil du se at majoriteten av de viktige redigeringene, hvis man ser på antall bokstaver i redigeringen, kommer fra uregistrerte eller lite aktive brukere.
Link: http://www.aaronsw.com/weblog/whowriteswikipedia
Demetrios sa,
juli 19, 2007 kl. 6:45 pm
Interesting…
Photios sa,
juli 22, 2007 kl. 6:25 pm
Cool!
Theodosios sa,
september 6, 2007 kl. 8:57 pm
Cool…
Sotiris sa,
september 8, 2007 kl. 2:31 am
Sorry